Hopp til hovedinnhold

These are a few of her favourite things / Dette er blant hennar kjæraste ting

Jorunn Veitebergs smykkesamling
Kuratert av Gjertrud Steinsvåg
22. september - 18. november 2018

Denne utstillinga viser 320 arbeid av 140 kunstnarar frå 23 land. Dei er alle frå kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg (1955) si smykkesamling. Veiteberg er av dei mest sentrale tenkjarane på det internasjonale smykkekunst- og kunsthandverksfeltet. Ho har sidan 1980-talet vore kjend for alltid å bere smykke som utfordrar førestellinga om kva smykke er og kan vere, og utstillinga i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum er den første som presenterer samlaren Jorunn Veiteberg. 

​Det handlar først og fremst om kommunikasjon. Eg er oppteken av kunst som samtalar med omverda, og her er smykkekunsten heilt spesiell. Å bera smykke er å føra kunsten ut i sosiale samanhengar – ut i offentlege og private rom – utan tryggleiken som galleriet eller museet representerer.

Jorunn Veiteberg
  • 1/1

Jorunn sitt smykkeskrin

Tekst av kurator Gjertrud Steinsvåg

Då Jorunn runda 60 år i 2015, gjorde eg eit intervju med henne for tidsskriftet Kunsthåndverk, og eg skreiv følgjande i ingressen: Sei kva du vil om dei om lag 300 smykka som Jorunn Veiteberg har i samlinga si, men kom ikkje hit å seie at ho ikkje er «o store mor» for norsk kunsthandverk. Rett nok har det vist seg at samlinga tel nærare 500 arbeid, men likefullt er det den same påstanden om Jorunn sin posisjon som har vore utgangspunktet for utstillinga These are a few of her favourite things: Ho er ei av dei mest sentrale skribentane på det internasjonale smykkekunst- og kunsthandverksfeltet. Ho har sjølv uttalt at hennar styrke som kunsthistorikar er å gjera bruk av teori, meir enn å utvikla ny teori. Metoden har vore å starta i det konkrete kunstverket, og gå grundig gjennom alle nivå, lag og referansar som kan finnast i verket. Slik har ho i nærare 30 år medverka til språkleggjeringa av kunsthandverket.

I det same intervjuet avsluttar Jorunn med å nemne sine framtidige prosjekt, mellom anna det pågåande bokprosjektet Mitt smykkeskrin. Prosjektet skildrar ho som ei kjærleikserklæring til smykkekunsten. Kjærleikserklæring! Frå teoretikaren. For eit fantastisk utgangspunkt også for ei utstilling. Det var denne personlege innfallsvinkelen som styrka mi interesse for Jorunn sine smykke som samling.

Eg trur verken eg eller Jorunn hugsar når eller korleis vi blei samde om at eg skulle vere kurator for denne utstillinga. Det er heller ikkje så nøye, for det kjennest naturleg at det måtte bli meg. Eg har kjend henne i fleire år gjennom faglege samanhengar: Ho var sensor då eg tok hovudfag på avdeling for Kunstfag (i dag heiter avdelinga Kunst og Håndverk) på Kunsthøgskolen i Oslo i 2006. Seinare har ho var hovudrettleiar då eg tok kuratorstudiet ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og ho blei styreleiar i Norwegian Crafts då eg jobba der. Oppdraget som ”hennar kurator” har vore fylt av fagleg respekt og i periodar med mild prestasjonsangst. Men det har også vore styrt av nysgjerrigheit over kva eg og prosjektleiar ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Solveig Lønmo, ville finne i smykkeskrina hennar i København.

At det kjennes naturleg for meg å ynskje meg dette prosjektsamarbeidet med Jorunn, har nok i stor grad å gjere med at vi kjem frå den same staden, Stord. Faktisk har vi vakse opp i berre fem minutts gangavstand frå kvarandre, men i ulike tiår: Jorunn på 1950- og 60-talet, eg på 1980- og 90-talet. Å kome frå ein liten plass og bli kjend med folk som deler mange av dei same referansane, har noko å seie for det personlege møtet. Eg trur også det har vore viktig for samarbeidet mellom samlaren og kuratoren i dette prosjektet, men eg veit ikkje heilt kva (enno). Så eg let det bli med det.  

Det kjennes også naturleg at smykkesamlinga blir vist nettopp her på Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Det var museumsdirektør Åshild Adsen som tok initiativet til utstillinga, og Jorunn sa straks ja, og bad dei bruka meg som kurator. Jubileumsåret 2018 – 125 år – på Nordenfjeldske skulle vere eit år med samling som gjennomgangstema, og slik passa utstillingsprosjektet godt inn. For både Jorunn og meg var det motiverande at Adsen sjølv har bakgrunn som smykkekunstnar, og kunne by på eit både personleg og fagleg engasjement.

These are a few of her favourite things

Innanfor kunstfeltet ”veit alle” at Jorunn bærer smykke, men ikkje alle veit kvifor. For publikum utanfor dette miljøet, vil utstillinga vere eit nytt møte med ein kunsthistorikar som alltid har brukt smykke og ulike symbol for å kommunisere kven ho er og kva ho står for. Eg trur at mange vil kjenne igjen denne grunnen til å bera smykke frå eige liv. Ikkje minst frå unge år då vi brukte klede og ulike teikn og merke til å signalisere gruppetilhøyrsle. 

Kanskje vil publikum også kjenne seg igjen i det å eige og samle på ting. Allereie som born let vi oss fascinere av ting og mange starter å samle. Psykologen vil hevde at det å samle kan kompensera for ikkje tilfredstilte behov, medan motivasjonen bak det å samle kunst kan vera økonomisk gevinst og status så vel som lidenskap.


Eg har alltid samla. Det finst dei som meiner at trongen til å samla er i oss allereie frå barndomen av. Eg har framleis album og esker med glansbilde som eg samla på som lita jente på 1950- og 60-talet. Ein pose med utvalde klinkekuler og sju frimerkealbum har også overlevd tallause flyttingar, medan serviettsamlinga har gått tapt. Som student begynte eg å samla på postkort med Marilyn Monroe og ting med Coca-Cola-logo på, og ikkje minst bøker og tidsskrift. Alt dette tok slutt då eg for alvor blei fanga inn i den trylleverda som smykkekunsten baud meg på. 

Jorunn Veiteberg


Å samle på smykkekunst er lidenskap for Jorunn. Dei har ei fengslande kraft, ifølgje henne sjølv. Dei er også berarar av minne. Smykka minner henne om personar, stader, hendingar og blir slik ei hjelp til å hugse. På den måten blir smykka hennar livsvitne.

Utstillingstittelen These are a few of her favourite things er ei enkel omskriving av strofa These are a few of my favourite things. Songstrofa er henta frå musikalen Sound of Music, og handlar om ting hovudpersonen Maria (Julie Andrews i filmversjonen) likar og korleis det å tenkja på desse gjer henne trygg og hjelper henne gjennom tunge tider (I simply remember my favourite things, and then I don`t feel so bad). Poenget med å skifte pronomen – frå MY i songen til HER i utstillingstittelen – er sjølvsagt gjort for å stadfeste avsendaren i utstillinga: ein frittståande kurator og eit museum. Vi har fått tilgang til ei privat samling, og viser vår versjon av den. I arbeidet med utstillinga har Jorunn stilt meg og museet svært fritt, men vi har hatt eit tett og nært samarbeid om utvalet. Der Jorunn sitt forhold til samlinga er sterkt knytt til tematiske aspekt, har eg som kurator vore meir oppteken av kronologien. Når skaffa Jorunn seg sine første smykke? Korleis blei det ei samling? Kvifor blei det ei samling? Korleis har ho og samlinga utvikla seg? Kva for private og/eller profesjonelle forhold har styrt kjøpa i ulike fasar?

Jorunn er ein av dei eg kjenner som ler best av eigne morosame poeng. Ansiktet sprekk opp i eit ”er ikkje det det mest overraskande du har høyrt på lenge?!”-uttrykk når ho fortel om nye smykkefunn. Denne engasjerte kommunikasjonen er talande for henne som person, men like skildrande for samlinga av smykke. Fargar, humor og litt rare greier får spele saman med kunstnarisk innhald og mot. Det er avgjerande for henne at smykka er berarar av meiningar eller uttrykkjer verdiar som opptar henne. Slik reflekterer dei hennar personlegdom, interesser, smak og korleis ho har late seg påverka av tida, kollegaer og trendar. Dette – Jorunn sin relasjon til kvart enkelt smykke – ligg som premiss for utstillingskonseptet. Utstillinga er ei historie om samlaren og samlinga hennar, og difor er utstillinga ordna etter når ho skaffa seg smykka. Slik har vi – samlaren, kuratoren og museet – forsøkt å svare på spørsmåla over, samstundes som vi får vist korleis ei lidenskapleg interesse har fått utvikle seg gjennom omlag eit halvt hundreår.

Ungdomsår og studietid (1970-1982)

Utstillinga tek utgangspunkt i Jorunn sin tidlege bruk av smykke på 1970-talet. Som tenåring var ho opptatt av hippierørsla og brukte ofte panneband og kopierte Janis Joplin sin bruk av lange kjede. Då ho er rundt 17 år, kjem faren heim frå studietur i Finland med eit særmerkt bronsesmykke frå den velkjende finske smykkeprodusenten Kalevala Koru. Dette er med å vekke interessa for kvalitetssmykke. Ho byrjar å kjøpe eigne bronsesmykke, no i finsk samtidsdesign. Det held ho fram med som student på 70-talet. Samstundes tek ho i bruk tidstypiske handlaga øyreringar, og ikkje minst blir eit sterkt politisk og feministisk engasjement uttrykt med flittig bruk av jakkemerke. I 1981 kjøper ho sine første kunsthandverkssmykke i form av ringar og armringar av Pål Vigeland, som det året etablerte seg som kunsthandverkar i Bergen, etter fleire år som designar. 


Ei samling blir til (1985 - 1999)

På 1980-talet etablerer Jorunn seg som kunsthistorikar. Ho blir trekt mot det ho opplever som oversett og marginalisert, og blir stadig meir interessert i å undersøka kva mekanismar som bestemmer kva som er «inne» og «ute» i kulturen, og når noko kvalifiserer til å bli kalla kunst og når det ikkje gjer det. I åra etter magistergraden i kunsthistorie ved Universitet i Bergen (1982) er det reklamebilde, samt den nye videokunsten og kvinnelege kunstnarskap som er hennar hovudfokus. Ho står bak fleire publikasjonar om visuell kvardagskultur og lagar mellom anna utstillingane Videokunst på Galleri 1 i Bergen og Billedhoggaren Ambrosia Tønnesen 1859–1948 i Bergens Kunstforening. Då ho får stillinga som intendant på Galleri F15 i Moss (1987-1989), kuraterer ho Kvinnene på Skagen: Anna Ancher, Oda Krohg, Marie Krøyer (1987-1988), KunstVideo! (1988), Lena Cronqvist (1988) og 12 kvinner (1988).
Det at Jorunn blir interessert i kunsthandverk midt på 80-talet botnar i den same motivasjonen som gjaldt for videokunsten og kvinner i kunsten: å synleggjere det som ikkje ”alle andre” jobbar med. Ho blir fort kjend for alltid å bere smykke som utfordrar førestellinga om kva smykke er eller kan vere. Geometriske og fargesterke smykke i plast, tre og sølv fangar tidsanda og kommuniserer ynskje om ein ny postmoderne estetikk.


Eg ønskjer å signalisera ein person som er kvinne med skarpe kantar,
men også humor - snill, men ikkje søt.

Jorunn Veiteberg


Gjennom stillinga på Galleri F15 får ho både auka kunnskap om og sterkare interesse for norsk smykkekunst. I tillegg får ho som tilsett høve til å kjøpe kunst gjennom ei fast avdragsordning, noko som gjer det mogleg å ta mindre omsyn til pris. Med kjøp av halssmykke av Toril Bjorg og Liv Blåvarp kryssar ho ei tidlegare grense for økonomisk kostnad. Det er med til å auke bevisstheita om kor viktig smykke har blitt for henne, og ho reflekterer over at ho faktisk samlar. På denne tida er ho allereie ein viktig eksponent for norsk smykkekunst. Ho er ei av få frilansskribentar som skriv for og om norske kunsthandverkarar, og ho byter ofte tekstar mot kunst. I tillegg til Bjorg og Blåvarp, er særleg tre andre smykkekunstarar sentrale: Sigurd Bronger, Konrad Mehus og Tone Vigeland. Ved at ho følgjer med på, skriv om og diskuterer med desse kunstnarane, blir hennar forhold til smykke utvida. Sansen for humor og ein god idé viser seg som ein blyant i øyra. Det blir mindre vesentleg om smykka er enkle å bera, som ein stor ”øyreklave” av tre som ser ut som ei grein frå eit cashewtre. Den stimulansen ho søkjer handlar om å bli intellektuelt utfordra og kjenslemessig rørt. Slik bronsesmykke og politiske symbol hadde vore sentrale kommunikasjonsobjekt for den unge Jorunn, er det frå slutten av 1980-talet arbeid av smykkekunstnarar som overtek.


Vi kan greitt definera smykke som noko eit menneske ber på seg eller med seg. Men eit kunstsmykke er i tillegg noko meir. Kunstsmykket handlar som annan kunst om eit personleg uttrykk, og om resultatet av eit kunstnarleg konsept. Styrken og originaliteten i norsk smykkekunst heng saman med den sterke kunstnarlege identiteten smykkekunstnarane har hatt sidan 1970-talet, og som utmynta seg i opprettinga av fagorganisasjonen Norske Kunsthåndverkere i 1975. I staden for å føra vidare tradisjonane frå gullsmedfaget og brukskunstrørsla, søkte smykkekunstnarane på 1980- og 90-talet like gjerne inspirasjon i norsk og utanlandsk folkekunst som i internasjonal bildekunst.
Jorunn Veiteberg


Allereie i 1992 kjøper Jorunn ei hårbøyle av Lars Sture som ho vil bruke den dagen ho finn kjærleiken på ny og skal gifte seg. Det gjer ho få år seinare. Hausten 1994 flyttar ho til seminarielektor Mogens Krabek i Danmark, og kjem med det tettare på den europeiske scena. Der oppsøker ho Kim Buck, ein nyskapande smykkekunstnar med verkstad og butikk i sentrum av København. Han blir raskt ein sentral fagleg samtalepartnar, han formidlar skriveoppdrag til henne, og blir etterkvart også ein nær ven. Gjennom smykkekunsten får Jorunn eit internasjonalt nettverk, og ho blir etterspurd som foredragshaldar og skribent utanfor Noreg sine grenser. I 1999 får ho Torsten och Wanja Söderbergs nordiske designpris som skribent innanfor kunsthandverksfeltet.

Naturleg nok begynner Jorunn å kjøpe arbeid også av internasjonale smykkekunstnarar, og har for alvor skapt seg ein identitet som samlar. Kunstariske problemstillingar som interesserer henne som teoretikar, utkrystalliserer seg også i samlinga. Gjenbruk, eller oppvinning som ho med eit nyord har introdusert på norsk, er eit gjennomgåande tema for Jorunn, både som kunsthistorikar og som samlar. Ho skaffar seg smykke som er laga av brukte og vraka ting som pastillesker, telefonkatalogar, fiskeslukar og plastposar. Forvandla til smykkekunst får desse materiala ny og varig verdi. Samstundes blir estetiske kvalitetar som farge og form framleis utforska gjennom til dømes emalje- og sølvsmykke. 



Eg har alltid følt meg meir heime i kulturstudiefaget enn i kunsthistoriemiljøet. Difor har det vore naturleg for meg å forska i ting vi er omgitt av til dagleg, enten det er reklame, emballasje, servise, klede eller smykke. Kva desse gjenstandane ber med seg av minne og historier når dei blir flytta til ein kunstkontekst eller blir omarbeidde til eit kunstverk, er eit tema eg ofte har handsama som kunsthistorikar. Denne interessa pregar meg også som samlar. Smykke som stiller spørsmål til etablerte verdiar og konvensjonar, refererer til daglegliv eller kommenterer aktuelle samfunnsproblem appellerer sterkt til meg.

Smykke kommuniserer også fest. Dei kan få oss til å stråla og skina, og dei kan tilfredstilla vårt behov for å omgi oss med noko vakkert. Eg har ofte opponert mot tendensen til å stempla det dekorative eller vakre som noko overflatisk. Vi er ikkje berre intellektuelle vesen, sanseleg stimulans er også viktig. Mange smykke handlar først og fremst om estetiske kvalitetar og om å kommunisera visuell glede og lyst. Det synest eg er heilt ok.
Jorunn Veiteberg


Ei samling av internasjonal smykkekunst (2000-2018)

I perioden 1998–2007 er Jorunn redaktør for tidsskriftet Kunsthåndverk. Redaktørjobben blir ei viktig plattform for å styrka kontakten til endå fleire norske og internasjonale kunsthandverkarar, teoretikarar og institusjonar. I 2012 inviterer Love Jönsson, intendant på Röhsska Museet i Gøteborg henne til å halde eit offentleg foredrag om samlinga si, og for første gong opptrer ho - i offentleg samanheng - som samlar.

Jorunn er aldri å sjå utan smykke. Brosjar skore ut av vernehjelmar, anheng av rekved. Smykke av gamle mobiltelefonar. Halskjede som ser ut som eit perlekjede, men der perlene er skore ut av ei gamal keramikkskål, eller perlene er forma av tynne plastikkposar. Ring med ein diamant for enden av eit nylonsnøre. Smykke som ser ut som wienerpølser, men er laga i tre av ryggen på ein kaféstol. Eller armband i sølv som liknar bølgjepapp. Øyredobbar som vekkjer assosiasjonar til brystvorter. Brosje av malt lerret. Svære arbeid, mindre arbeid. Fleire frå enkelte kunstnarar som David Bielander, Warwick Freeman, Kasia Gasparski, Otto Künzli, Ted Noten, Dorothea Prühl, Lucy Sarneel og Lisa Walker. Det ein ikkje ser på Jorunn, er dei ubrukbare arbeida som heng på veggar eller står på hyller i heimen hennar. Enten det er fotografi, maleri eller keramiske objekt inneheld dei metall- og perlekjeder, eller dei har smykke og smykkeskrin som sentrale motiv. Samleinteressa hennar handlar ikkje berre om smykke som kunstmedium, men også om smykke som kulturelt symbol og gjenstandstype i ein større sosial samanheng.

        
For mykje av det gode, er betre enn for lite.
Jorunn Veiteberg


Same år som Jorunn runda 60 år i 2015, kjøper ho og Mogens seg ny bustad på Amager i København. Ein sommar fylt av fødselsdagsfeiring, flytting, rydding og pakking bidreg til ytterlegare refleksjon over eiga samling. Det er også i 2015 at avtalen om å vise samlinga på Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum blir inngått. Kva skjer med samlinga – og samlaren – når smykka skal ut av bruk og eit privat smykkeskrin og inn i sikra museumsmontrar for eit offentleg publikum? Kva slags kjøp gjer ho i perioden mot 2018, og kva for oppsummerande refleksjonar gjer ho seg i dette minnearbeidet som ho skildrar samlinga som? Ho stadfester tidlegare tema og forfølgjer interessa for gjenbruk. Klassiske perlekjede og diamantar brukte på uhøgtidlege og ukonvensjonelle måtar. Nye materialar. Politisk og feministisk innhald. Smykke som ikkje går an å bera og som går an å bera. Nye arbeid av kunstnarar ho har følgd lenge. Samstundes er ho stadig nyfiken på kva den unge generasjonen av kunstnarar i heile verda ynskjer å kommunisere med smykke. Eit halssmykke som ser ut som ein gullbarre. Ein brosje inneheld ein brukt pacemaker. Metallet frå ein champagnekork har blitt forvandla til ei nål. Ei nål av rav som liknar ein fiskepinne. Avisbilde av augo til barn i Aleppo lyser frå små brosjar. Eit maleri av eit smilande, maskeliknande ansikt kan hengast både på vegg og rundt halsen.


Som meir medviten samlar har eg også blitt meir oppteken av smykke som handlar om smykke.
I få ord: Frå bruk til ikkje-bruk, frå dekorativ kunst til metakunst.

Jorunn Veiteberg


Det siste arbeidet i utstillinga, I am not a vase av Jing Yang (1987), er eit visuelt punktum i utstillinga, men ikkje for samlinga. Tittelen spelar på at arbeidet er eit brukbart smykke, men ein ubrukeleg vase. Motivet er ei klassisk vaseform, som også er eit konvensjonelt symbol for kvinnekroppen. Ved å skjera vasen over i fleire deler, har Yang dekonstruert både vasen og symbolikken, og smykket blir eit lite, men kraftfullt og poengtert utsagn frå ein ung, kvinneleg kinesisk kunstnar. Slik eg ser det, reflekterer I am not a vase smykkeberaren Jorunn Veiteberg: å kommunisere eit politisk, feministisk, estetisk og kvardagsleg engasjement i eit globalt samfunn.

  • 1/1
    Hilde de Decker, For the Farmer, 1999. Foto: Guri Dahl Foto: Guri Dahl / Privat eie
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1